BLOGG OPPGAVE UKE 2
Snømannen kapittel 20-23
Kapittel 20 handlar om at politiet har fanga han dei
trudde var snømannen, men det visar seg at dette er feil, og at Vetlesen ikkje
er «snømannen», difor tas Becker inn til arrest for han er mistenkt til å vere
snømannen. Becker har haldet tilbake informasjon om en samtale med Camilla Vik
Lossius som han hadde vore med i ein garasje rett før ho døydde, når Harry finn
ut kva informasjonen som Becker har halde attende, trur da Harry ikkje lenger
at Becker er snømannen. Snømannen hadde klart å komme seg unna, nå som dei var
så nære.
Kapittel 21.
Harry skulle delta på eit Talkshow kalla «Bosse». Når talkshowet var i gong sat dei på venterommet
og venta på at dei skulle setja seg i stolane ved sida av Bosse. Når det var
Harry sin tur, var han med ein kar som heitte Arve Støp. Under sending stilte
Bosse mange spørsmål til både Arve og Harry. Når Arve svara var det som regel eit
humoristisk svar, men når Harry svara var det meir konkrete og seriøse svar. Etter
kvart som programmet gjekk, stilte Bosse meir og meir spørsmål om snømannen,
det siste spørsmålet Bosse stilte til Harry gjorde Harry så frustrert at det fekk
han til å avsløre løyndommen. At snømannen fortsatt var på frifot.
Kapittel 22.
Harry får pryl over å ha gått ut med at snømannen
framleis var på frifot. Mange reportarar prøver å få tak i Harry, men Harry har
skrudd av telefonen sin. På grunn av dette, stolar ikkje Hagen på Harry lenger,
så han sett Katrine Bratt til å følgje Harry og rapportere alt Harry gjer
tilbake til Hagen. Når Harry gjekk ut av baren han var på gjekk han inn i ein gate
som var folketom for å så sjå ein rørsle bak han. Han får tak i han og slenger han over
bilen. Det synte seg å vere Filip Becker. Filip hadde tatt
farskaps test, då fant han ut at han ikkje var faren til Jonas.
Kapittel 23.
Handlar om at Harry er hos Tresko og då pratar dei om
Støp når han spelte poker, og kva Støp gjorde når han bløffa eller blei stressa.
Harry kjem på ein teori som er at Støp har lege seg rundt i heile Noreg, fått
barn med kvinnene han har hatt sex med. dersom desse kvinnene får kjærast og
barn med ein ny kjærast, vil da Støp drepe kjærasten for å unngå at dei får eit
nytt barn og overgår sitt eige. Difor prøvar Harry å få tak i farskaps testar
frå Marienlystklinikken, problemet er at Marienlystklinikken er nedlagt som
gjer at dette blir mykje vanskelegere.